fredag 8. januar 2010

Monsterbukse og musetøfler

Theodor har fått seg bukse med monster på rumpa. Eg strikka den ferdig rett før jul og broderte på augene og tenna i romjula. Broderinga var ein kjedelig jobb! Først og fremst fordi eg ikkje heilt har teket på maskesting. Og fordi det tok tid. Eg brukte sikkert ein heil julefilm på det!;)
Men eg vart no sånn ca fornøgd med resultatet. Den er strikka i Østlandsgarn og har snøring øverst og ribbestrikk nederst.



Her er den i bruk for første gong imens Theodor leika med Kenya. Gode venna! :)


MUSETØFLER

Eg strikka desse musetøflene for sikkert 3 år sidan, men har
ikkje hatt ein fot som har vert verken stor nok eller liten nok til å få brukt dei. Men no er dei endelig passelige til Theodor. Eg har leita lenge etter god anti-skli til å ha under og fant til slutt ei slik tube på Panduro. --------->
Med den kunne eg teikne på sjølv og lage so mykje eg ville. Genial og finnast i fleire fargar.
Vi har det ganske golvkaldt i huset, men no skal i alle fall Theodor vere varm på beina framover, for desse er skikkelig tjukke! :)

5 kommentarer:

Anne Britt sa...

Skal sei du e i farta med blogging! :)

Fy søren kor mykje fint du laga! :O den buksa huska eg Helle hadde lyst å lage òg før - gjor ho det skal tru? Den var tøff! Og fine maskesting spør du meg! :)

Har du oppskrift på musetøflene, eller har du funne på sjølv? Gi meg? ;) Kjempesøte jo! Må lage slike til niese og nevøar :) god idé med anti-skli under! Kult :)

Kathrine sa...

Ja, no er eg i sving her! ;)

Musetøfleoppskrifta låg før som gratisoppskrift under maudsgarn, men dei har fjerna gratisoppskriftene.. :( Eg har printa den ut ein gong, so den ligge her sikkert ein plass. :)

Anne Britt sa...

Du må forresten gå inn på bloggen min og sjå. Under innlegget Award ligg det noko og ventar på deg nemlig ;)
Klemmmm

by camilla jin sa...

Så gøy at du har tatt opp blogginga igjen! Blir så imponert over folk som kan strikke altså! Og den buksa med brodering på var bare knallsøt!! For ikke å snakke om tøflene!! Flinka! :-)

klem, camilla jin

Kathrine sa...

Anne Britt: kniiis! :) Takk søta!

Camilla: Takk for det, men eg skjønna ikkje korleis du som laga so masse fint kan bli imponert av noke som helst! ;o)

Klem til dokke begge!